SILO_ny_web.jpg
Silo

Union Blues-Cup-vinnaren 2016 til Moldejazz

SILO er eit bluesrockband frå øya Bremanger i Sogn og Fjordane og har eksistert sidan sommaren 2014.


Før bandet SILO starta, hadde alle fire medlemmene spelt i diverse tidlegare konstellasjonar. SILO har nokså nyleg byrja å produsere eigen musikk, så ein del av låtane er framleis covermusikk av artistar som Freddie King, Ray Charles, Otis Reading, Eric Clapton, Jimi Hendrix osv, men i eigen stil. SILO likar å spele "god gamal" musikk med ny ungdommeleg glød og energi.

Bandet er ein samansveisa gjeng som har kjent kvarandre sidan lenge før dei byrja å spele saman. Dei brukar å seie at dei er fire kameratar som enda opp som eit godt band, og ikkje omvendt.

Sidan bandet vart starta, sommaren 2014, har det vore gjennom fleire namneskifter og har landa på namnet "SILO".

I november 2016 var SILO hos produsent Eirik Molnes Husabø i "Verdens Beste Studio" i Florø og spelte inn eige materiale. I skrivande stund har 5 eigeskrivne songar vorte spelte inn, og bandet har planar om at det skal bli fleire. 

Halvor Nesbakk,  vokal

Iver Strand Senneset, gitar

Oliver Igland, trommer

Bartek Galek, bass


Lydklipp

download   4.mp3