Når festen opnar

Forfattaren Edvard Hoems helsing og hyllest til Jazzfestivalen og Molde.
Når festen opnar, festivalen opnar blir namnet på ein by i vest fanfare: Til Molde! Klangen dirrar gjennom sprøe netter.
I hjartet står eit nedstøva cymbal. Ein munn blæs avstand bort, trompetar blir vende mot ingens øyre, fingrar famlar på bassen lik elskarens hender, trombonen glir ......
Og vi som levde her og skildest her, kan ana blåklokker i vind, sjå båtar stange mot nattkaier i tynn fortøyning, følge skyers gange på himmelblånen, vita kva det er:

No opnar festen, festivalen opnar. Somrane kjem tilbake, ein for ein. Eit landskap kjem til syne bak grå skodde, eit fly har landa alt, ferja går rundt neste odde, og englevenger lettar over mørk fjord, tung stein. Provinsen møter straffa for sin orden. Ei sommarveke galskap, ein munnfull fåfengd skal koma over deg og all di slekt. Og namnet Molde, som er tungt av jord skal stå på hovudet, som noteskrift med stilken ned kvart år, ein jazzakkord slik kyrkjetårn og fjell blir spegla i ein fjord og bobler stig frå djup så sjeler kjem i drift. Heilt til den siste frasen tonar ut. Oh Lord.

Ein liten by, og ingen gammal by. Den store furuskogen opnar staden Molde ein ladeplass ved fjorden, Molde fjære der Englands sjømenn lasta furumaster til enda større skip, så dei voks like inn i John Miltons store draum, Paradise Lost!

Norwegian pines stakk hol i himmelranda som gjekk rundt Edens hage. Og mudderpålar til ei hollandsk hamn kom herifrå. Så hogg dei skogen ut.

Men det kom kval langs kysten, store stimar, og sild som sølv, og einkvan gjorde steng, og einkvan kjøpte silda, gjorde peng´,
og kjøpte sidan hundre hestar, elska kvinnfolk og kjøpte fine tørkle, song og trampa takta.
Men han som aldri heilt fekk fram si sjels musikk.
Han sleit og streva til sitt siste nikk, og drog til slaktaren med ei geit i band, og sidan rett på Brennevins-Samlaget, der han vart stupfull og køyrt i trillebår frå ladestaden, med rosebuskar, kyrkjetårn og to hotell!
Og enda var det berre måndag kveld, i Guds kalender, jazzen kom på laurdag. På sjøhusrekkene imellom Alexandra og Gamle Grand sat verhanar og gol.
Men fullmånen, han lyste som ei sol,
Umerkeleg vart byens lys forandra.

Og så musikken? Alltid meir musikk!
Det knirka salmesong i åretak, det dura orgel framme, trekkspel bak, og sjøen gjekk med bårer, høge brak, i stormkast bortanfor all folkeskikk, men kuling, regn og sludd tok siste stikk. Her var det kammerspel og janitsjar. Må Herren vite kva det ikkje var!
Og nokre gjekk på bar og drakk seg full, og somme verka edru når dei snakka tull.
Og nokre tagde heilt, for det er godt som gull. Her var det strengespel på bedehus, og andre strenger klang i sus og rus.
Og inni seg fekk ingen sjelefred, for fred i sjela kan du ikkje leva med.

Hit kom ein framand fugl og slo seg ned. Ein sjusovar, ei natteranglarånd, ein «Bird» på radioen som fann eit reir hos kremmarar som Kikkan Sættem, Petter Pettersson!
Der landa Billie Holliday og Bessie Smith, og Louis Armstrong song, og Lester Young han spela. Nat King Cole song Careless Love Må himlen vite kva dei ikkje song. Og mang ein yngling, kledd i slips og dress frå byens beste herreekvipering, gav svar frå djupet av si sjel, kvittering, steig fram på podiet og spelte sjæss.

Slik vart det storbysus i vår provins. Ein tafatt småby vart eit New Orleans, den eine gata, vinterstengd og still, fekk no sin story, og vart Storyville.
Og jazzen kom til gudsforlatne rom, var det ein dristig nattedraum som kom, og fylte hjartets tomrom med musikk. Når frosten kom og gjorde opp bestikk, når regnet dreiv i haustlauv gatelangs, på sekstitalet var det enno andrerangs med jazz, mot klassisk og spill-selv og damekor, og Tore Skogmanns slågerar frå ifjor.
Når skodd og gråver gjorde gatelyset matt, gjekk vi og lengta etter galskap, død og natt, og alt som ikkje finst i janitsjar fekk endeleg sitt endelege svar.
Slik gjekk det til at denne by av orden, fekk spunne inn sitt pyntelege namn i sound, men ingen glans. Derfor er Molde meir enn Mandal!
Er trekkbasunen altfor kort og lungene for små, den næraste musikken kom langt borte frå.

I all vår ungdoms gater, sjå dei går: Dei gamle borte, lik Ben Webster, Chet Baker og dei som enno er, Art Farmer, Dexter Gordon, og alle andre, horn og flygel, Garbareks mørke alvor, Ørsted Pedersen improviserer over Ack, Vårmland du sköna, og Arild Andersen bit underieppa sund i støvet rampelys på Molde Kino.
Dei er her alle no, den ordenslause skare, av Charlie Parkers slekt, Miles Davis som alltid grunnar over neste utspel, snart med ryggen til, snart med eit mørkt blikk til John Scofields desperate inngang.
Så mange rader, snart i tretti år! Så mykje djevelsk arroganse, så mange smil, så mykje innefolk, som seier «i´og han Dexter» og aldri ser den store trøyttleiken i alle reiser gjennom botnlaus einsemd, indre natt:
To Molde? Molde? Where and what is Molde? Ein by knapt bryet verdt, knapt god for nokon. Med solbriller i gråver midt på dagen. Ein stor parade, gjennom tronge gater, der ingen går aleine, sjølv når himlen har mørkna til på ny. Oh yeah, l want to be in that number. Ein hær i trettiårskrigen, mot vår daglege død.

Og ingen har meir romsleg famn enn han som var musikkens fattigfrans og uteliggar. Bak denne byens pyntelege gjerde imellom kulturlivets gjerrigknarkar som meiner at teater er best, eller dikt best, står han som hadde minst og er raus for alle. Eg minnest sommaren da Tarjei Vesaas kom den siste heite sommaren i hans liv. Han stod på hurtigruta, rak som ei furumast frå Molde Fjære, da kapteinen kom og ordna landgangskøen, slik at Vesaas, den store tause frå det norske indre fekk syn av negerbyen Molde. Framfor han, ein hærskare amerikanske damer, med plastnett over farga hår, og rop mot regnet: My God, it´s pouring down! Kapteinen sa: Just one moment, ladies, The old gentleman first. Og Vesaas greip i leideren, gjekk ned. Da opna Alexandraparken sine roser, og tjue mann med våte noteblad fekk regnet til å stilne bli til dogg på mørke kronblad, da dei spelte opp, tok snø og granskog inntil seg med Dixieland!

Slik står den opne famnen mot ei gjerrig tid, som trur det kan tenkast frie tankar i Norge for Nordmenn, som trur det finst ein norsk kultur bak stengde grenser. Det var berre opningen mot utanverda som gjorde dette landet stort.
Og alt vi elskar mest, har vi på lån frå andre. Når fordommar får namn av sunn fornuft og gamle tankar krev all taletid, er ikkje dette landet lenger vårt.

Men ei bikkje som bjeffar i hageporten kan ikkje halde blomsterangen ute, og vinden går sin eigen veg i sommarlandet med nakkepust ifrå det framande.

«l am never happy when i hear sweet music», sa William Shakespeare. Alltid bortanfor sin eigen lengsel, trøytt av harmoni finst den musikk som er eit anna land, er meir enn Molde. Sjølv åra som går er ein skjemtegauk der, ut og inn av ei klokke. Sjølv ordet jazz er klisjé der. Appetitten til dei som går i spissen for paraden er glefs mot dødens tomrom, ballett over avgrunnen, eit forsøk på å løyse Guds reknestykke som aldri går opp.

Forgjengelig er alt, den korte sommaren vi ber i minnet. Flyktig varer det, musikkens strofer, jammens heite time. Og dei som var der, ber det einsamt med seg. På film og teip finst atterglans og gjenskin. Men stunda, stunda er den einaste, der vekslande frasar grip din lagnad, og snur deg rundt, så du kan sjå ditt liv!
Det er den siste strofen som heng att, og fyller opp di uttømde forventning: Eit lys i minnet møter nye somrars lys.

Og ingen spør: Når skal musikken stilne. Og ingen spør om det kan skje på ny, den sterke rørsla som drog gjennom deg, da etterklangen enno hang i lufta. Applausen er ein jubel stenkt av sorg. Musikken kom, ein framand fugl, flaug bort. Att står ein blomsterby med sine minne. Men enn så lenge lever, lever du!
Når festivalen opnar, opnar festen. Din hjartefest i dette tapte land som er vår ungdom, endelause ungdom,
Den vaknar opp til liv i denne stund! The rest is silence. Eit Heilo Goodbye for luft og ingenting før høgsommaren har falma, kvelden sig innover Romsdalslandet. Eg ser eit rampelys som liknar morgongryet, Ein festival var slutt, Gunnar Bull Gundersen aleine på scenen, tok farvel, enno ung i jazzens stormsentrum, så stilt det var. Keep swinging! Vi skal møtast her igjen. No er vi her. The festival is open.