Fredag 13. juni offentliggjorde Møre og Romsdal fylke ved kulturavdelinga at Ungdom i Møre og Romsdal frå 15 - 20 år får tilbod om å kjøpe 3-dagarspass til konsertane på Romsdalsmuseet under Moldejazz for kun 450 kroner inkl avg. Det rabatterte konsertpasset for ungdom er knytt til ordninga med ”Kulturkort for ungdom” og er i salg her på www.moldejazz.no frå laurdag 14. juni kl 10:00.
Passet gir adgang til alle dei tre store utekonsertane under Moldejazz i sommar. Passet kostar normalt 950 kroner inkl avg., noko som betyr at Møre og Romsdal fylke ved kulturavdelinga sponsar kvart 3-dagarspass med 500 kroner. Tilbodet er knytt til ordninga med ”Kulturkort for ungdom” og gjeld all ungdom i aldersgruppa 15-20 år. Tilbodet gjeld kun 3-dagarspasset.
Ungdom som vil nytte seg av tilbodet kan bestille på vanleg måte på Billettservice www.billettservice.no, tlf 815 33 133, Narvesen og på Posten, og her på www.moldejazz.no.
Billetten MÅ byttast inn i eit ARMBAND på Moldejazz sitt billettkontor i Rådhuset under festivalen. Billettkontoret åpnar mandag 14. juli kl 10:00, og er åpent kvar dag mellom kl 10:00 og kl 18:00. Ved uthenting av 3-dagarspasset/armbandet på billettkontoret MÅ godkjend legitimasjon på at ein er 15-20 år framvisas. Passet/armbandet er personleg og kan ikkje bytas med andre.
3-dagerspasset for ungdom er i salg fra laurdag 14. juni kl 10:00.
KJØP 3-DAGARSPASSET HER NO!
1) Trykk på BILLETTER øverst på sida og velg HELE UKA.
2) Trykk på KJØP BILLETT under "3-dagers pass Romsdalsmuseet, Ungdom 15-20 år" ein av dagane. (Passet gir adgang til alle dei 3 dagane på Romsdalsmuseet)
3)Følg så anvisninga frå Billettservice.
Sjå meir informasjon om ungdomspasset, "Kulturkort for ungdom" og Møre og Romsdal fylke HER.