Passet gir adgang til alle dei tre store utekonsertane under Moldejazz i sommar. Passet kostar normalt 950 kroner inkl avg., noko som betyr at Møre og Romsdal fylke ved kulturavdelinga sponsar kvart 3-dagerspass med 500 kroner. Tilbodet er knytt til ordninga med ”Kulturkort for ungdom” og gjeld all ungdom i aldersgruppa 15-20 år. Tilbodet gjeld kun 3-dagarspasset.
Ungdom som vil nytte seg av tilbodet kan bestille på vanleg måte på Billettservice www.billettservice.no, tlf 815 33 133, Narvesen og på Posten.
Billetten MÅ byttast inn i eit ARMBAND på Moldejazz sitt billettkontor i Rådhuset under festivalen. Billettkontoret åpnar mandag 14. juli kl 10:00, og er åpent kvar dag mellom kl 10:00 og kl 18:00. Ved uthenting av 3-dagarspasset/armbandet på billettkontoret MÅ godkjend legitimasjon framvisas. Passet/armbandet er personleg og kan ikkje bytas med andre.
3-dagerspasset for ungdom er i salg fra laurdag 14. juni kl 10:00.
KJØP 3-DAGARSPASSET HER NO!
1) Trykk på BILLETTER øverst på sida og velg HELE UKA.
2) Trykk på KJØP BILLETT under "3-dagers pass Romsdalsmuseet, Ungdom 15-20 år" ein av dagane. (Passet gir adgang til alle dei 3 dagane på Romsdalsmuseet)
3)Følg så anvisninga frå Billettservice.
Sjå meir informasjon om ungdomspasset, "Kulturkort for ungdom" og Møre og Romsdal fylke HER.