Først får vi ei innleiing til førestillinga der ungdommane viser ein del av det dansemateriale vi har brukt i prosjektet og førestillinga. I sjølve stykket møter vi Tru, som er god og ærlig, og Utru som er slem, egoistisk og full av løgn. De dreg ut i verda for å søke lykke, men i ein stor skog lurar Utru syster si. Ho foreslår at dei kan ete nista til Tru først, og ete Utru si niste seinare. Tru syns at dette er ein god ide, men spørsmålet er om Utru held løftet sitt om å dela skreppa si med Tru… Det du får sjå er teater der element frå lokal folkedans - fletta i hop med musikk og tale - ber fram handlinga. Strukturar er forenkla og stiliserte, men det er vanlege individuelle kroppar vi vil visa på scena i folkelege teknikkar og mønster. I tre år har ungdomar i Møre og Romsdal arbeidd med fylket sine dansetradisjonar i prosjektet Snu nordvest. Målet er å lære dansane i si tradisjonelle form. I tillegg er målet å bruke danseelement og lokal dansekunne frå det tradisjonelle på nye måtar.
Leif og Inger Stinnerbom, og Jakob Hultcrantz Hansson frå Västanå teater tek seg av det kunstnarlege på teatersida. Leif set opp stykket, Jakob er regiassistent og Inger har laga kostyme. Leif er kjend i heile Norden for sin djupt originale bruk av folkeleg dans og musikk i gjenforteljing av kjende verk. Han har sett opp m.a. Selma Lagerløf, August Strindberg, Henrik Ibsen og William Shakespeare, og arbeider både heime og ute på andre teater. Inger har vore ansvarleg for fantastiske kostyme til alle desse oppsetjingane, og Jakob har vore skodespelar i mange av dei. Snu nordvest er det første prosjektet i Bygda dansar etter pilotprosjektet Fjordapuls i Sogn og Fjordane. Prosjektet Bygda dansar er finansiert med støtte frå Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylke, og med statlege midlar.
Det blir drive i eit samarbeid mellom Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Rff-sentret, i Trondheim, Møre og Romsdal folkemusikklag og ungdomslaga i fylket. Egil Bakka har vore prosjektansvarleg, Sigurd Johan Heide prosjektleiar og Live Karin Liaskar lokal prosjektmedarbeidar. Britt Elise Skram er musikalsk leiar.
Gratisforestilling i Alexandraparken lørdag 21. juli kl 12.00.