FRAM-logo.png

Utvidet nattbusstilbud under Moldejazz

Publisert: 07.07.2016
Sist oppdatert: 07.07.2016 18:44

Det blir ekstra avgangar for nattbussen under Moldejazz. Gjennom kollektivsatsinga til FRAM blir det eit utvida tilbod til Årølia, Djupdalen, Hatlelia og Hjelset/Kleive i jazzveka.

Rute 701 Sentrum-Årølia, Sentrum-Djupdalen

Frå natt til tysdag 19. juli til natt til torsdag 21. juli vil avgangane vere klokka 00.40, 01.40, 02.40, 03.40 for rute 701 Sentrum-Årølia. Og kl. 01.15, 02.15, 03.15 for rute 701 Sentrum-Djupdalen.

Frå og med natt til fredag 22. juli til natt til søndag 24. juli vil avgangane vere klokka 00.40, 01.10, 01.40, 02.10, 02.40, 03.10, 03.40 for rute 701 Sentrum-Årølia. Og 00.15, 01.15, 01.45, 02.15, 02.45, 03.15, 03.45 for rute 701 Sentrum-Djupdalen.

Rute 702 frå Hatlelia

Frå natt til tysdag 19. juli til natt til torsdag 21. juli vil avgangane vere klokka 00.40 (avgang frå sentrum), 01.30, 02.30, 03.30 for rute 702 frå Hatlelia.

Frå og med natt til fredag 22. juli til natt til søndag 24. juli vil avgangane vere klokka 00.10 (avgang frå sentrum), 00.30, 01.00, 01.30, 02.00, 02.30, 03.00, 03.30 for rute 702 frå Hatlelia.

Nattbussbilletten med rute 701 og 702 kostar 50 kroner ved betaling om bord med kort eller kontantar, og i billettappen FRAM Billett vanleg dagtakst på 34 kroner.

Rute 714 Sentrum-Hjelset/Kleive

Frå og med natt til fredag 22. juli til natt til søndag 24. juli vil avgangane vere klokka 00.30, 02.00, 03.30 for rute 714 Sentrum-Hjelset/Kleive.

Nattbussbilletten med rute 714 kostar 75 kroner om bord ved betaling med kort eller kontantar. Billettappen FRAM Billett kan ikkje bli nytta til å betale for billetten til Hjelset/Kleive.

Endra køyremønster

På grunn av konsertar i Alexandraparken og folk i vegen, passerer ikkje nattbussen Quality Hotel Alexandra eller Thon Hotel Moldefjord denne veka. Bussar som kjem vestfrå køyrer Sandvegen, Øvre veg og Spolertbakken. Bussar som skal austover køyrer Romsdalsgata, Øvre veg og Sandvegen.

Ruteplan

Les FRAM's pressemelding

Del: 
Spotify