Hurtigbaat-Bolsoeya.jpg

33 ekstra hurtigbåtavganger Molde/Bolsøya under festivaluka

Publisert: 25.06.2015 - Sist oppdatert: 25.06.2015 14:46

FRAM (Møre og Romsdal fylkeskommune) og Molde International Jazz Festival har inngått ein avtale om eit godt kollektivtilbod frå og til Bolsøya under årets jazzfestival.

- For oss er det viktig at hurtigbåten også er tilgjengeleg og tilpassa under store arrangement når Fannefjordtunellen er stengt. Vi sett derfor inn ekstra tiltak slik at dei som bur på Skåla og Bolsøya skal ha best mogleg tilgang til årets jazzfestival, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det blir sett inn ein ekstra avgang til og frå Molde før tunnelen stenger. Desse avgangane er satt opp med tanke på familiar med ungar som ikkje ønskjer å parkere i Molde. Fram til klokka 23.00 vil hurtigbåten køyre etter ordinær rutetabell. Desse avgangane er gratis.

For dei som skal på konsert og andre som besøker Molde i samband med jazzfestivalen, blir det natt til tysdag, onsdag og torsdag sett inn tre ekstra avgangar frå Molde.

Natt til fredag og natt til laurdag vil det i alt gå fem ekstra avgangar frå Molde til Bolsøya i tidsrommet 24.00 - 02.30. Billett for disse avgangane koster 60 kroner. Det blir og satt opp korresponderande busstransport frå hurtigbåtkaia på Bolsøya til Sølsnes. Siste ferje frå Sølsnes går klokka 00.30

Førehandsalg av billettar

For ekstraavgangane på nattetid må passasjerar kjøpe billett på førehand. Billettar er å få kjøpt på Moldejazz sine nettsider. Ein kan og kjøpe billett via mobiltelefon. I tillegg blir det selt billettar frå Moldejazz sine billettutsal ved Ark, Plassen og Alexandraparken fram til klokka 18.00. Det vil ikkje bli selt billettar om bord i båten eller på kaia.

- Båten har plass til 48 passasjerar, vi oppmodar derfor flest mogleg om å kjøpe billettar i god tid før festivalen startar, seier Lillevevang. Båten vil ikkje ta om bord reisande utan gyldig billett så her er det førstemann til mølla som gjeld.

Oppmodar alle til å reise kollektivt under jazzfestivalen

- Dette er eit fantastisk tilbod, seier festivalsjef Hans Olav Solli. - Vi har fått mange spørsmål frå publikum som har vore uroa for om dei kjem seg heim etter å ha vore på konsert. Tilbodet sikrar at alle som vil på konsert no har mogligheit til det utan å måtte ta omvegen rundt Osen. I tillegg til dei som bur på Skåla eller Bolsøya, oppmodar vi også andre rundt om i fylket om å nytte kollektivtilbodet når dei besøker jazzfestivalen avsluttar Solli.

Meir informasjon for reisande: www.frammr.no/moldejazz

Del: 
Logo: Instagram Instagram #moldejazz
Logo: Spotify Spotify
Logo: Spotify WiMP